22 mai 2012

Party party!

Mai er høgtid, sjølv om veret har variert enormt dei siste vekene. Andre helga i mai var eg i konfirmasjon til desse kjekke karane, Daniel og Lennart.

Tida flyg og smårollingane på Alnes er plutseleg halvvaksne karar på 14 1/2 år. Stramme med dress og greier. Heldigvis klarer eg å slå dei i Fifa innimellom...
Ragnhild tok også turen til Godøya, så vi fekk vise oss fram i dei flotte bunadane våre.

Berre to veker tidlegare var vi i konfirmasjonen til Sara med same "outfiten", så det har vore mykje god mat og herleg stemning den siste tida.
17. mai og den påfølgjande helga var eg i Bergen, der eg fekk låne eit rom og ei seng i Jonas Lie-kollektivet. Tusen takk til Jan Oskar, Ruben og Tore (og Karoline, sjølv om ho ikkje var der...) for fantastisk vertskap!

Dessverre vart dette siste gongen eg overnatta på Danmarksplass for no...
...for frå 1. juni disponerer eg visst ei kjellerleilegheit i Breistølen 31A. Til hausten skal eg studere og jobbe i Bergen, og med ei utsikt som denne skal eg muligens overleve - sjølv om det vert mange lange oppoverbakkar.

Etter sju år med lite trim og mykje køyring er det kanskje på tide å kvitte seg med bilen og kome i form igjen? SuperNils på nye eventyr, party party!

03 april 2012

Ut på tur x3

Sjølv om eg ikkje har vore i Bergen på ei stund, har det blitt mykje reising likevel dei siste vekene. Eller rettare sagt helgene.

I midten av mars reiste eg til Molde saman med ein herleg gjeng. Vi overnatta på Molde bedehus, hjelpte til med litt praktiske oppgåver der, var med på gateevangelisering på dagtid og ungdomsmøte/konsert på kveldstid. Paul Grønseth hadde ein veldig bra konsert, og han hadde til og med ein godøying på bassist!

Sist eg møtte Erlend var på eit T-bane-stopp i Oslo i fjor ein gong, plutseleg var vi i Molde saman. Artig!

Helga etter var det duka for vinterens store happening for ungdomsflokken på bedehuset. Surf Camp i Hoddevika vart ein suksess, med 30 våtdraktkledde ute i vatnet samtidig og god stemning. Vi fekk omtale både i Øy-Blikk og Sambåndet, i Sambåndet-artikkelen kan du også sjå den herlege filmen Tore laga frå turen!

Eg blir nok neppe verdas største surfeentusiast, men det var i alle fall kjekt å få prøve litt. God mosjon å plaske omkring i vatnet, sjølv om det ikkje vart mange sekunda eg klarte å halde meg oppe på brettet...

Så har eg hatt litt besøk eit par gongar den siste månaden - og i påska skal eg visst ut på tur igjen. Til ein hyggeleg familie på Jæren og hytta deira i Suldal. Full fart og mykje moro, men forhåpentlegvis skal eg få tid til å lese ei bok eller to også i løpet av påska :)

20 mars 2012

Hurra for meg!

Så var det visst 20. mars igjen. Tida går berre fortare og fortare, er det virkeleg eit heilt år sidan eg feira 30-årsdagen min på Myrtun med pizza, Amiga 500 og Fifa98?

Det har i alle fall vore eit innhaldsrikt år. Sidan 20. mars 2011 har eg mellom anna vore på Skjærgårds, i Lyngdal, i Danmark, i Sverige, på UL og på harryhandel til Sverige igjen. Eg har både starta og slutta på Høgskulen i Volda, heldigvis fekk eg med meg ein kjekk klassetur til Voss og mange andre gode minne før eg fann ut at det vart for hektisk med både pendling, jobbing og litt for lange dagar generelt.

I løpet av det siste året har eg også fjerna blindtarmen, flytta til Valderøya, hengt opp den flotte postkassa som eg kjøpte på Clas Ohlson hausten 2005, jobba for elleve ulike oppdragsgivarar, vore i Molde eit par gongar - og til og med fått meg ein fantastisk kjærast! I Bergen. Upraktisk, men veldig kjekt. Gratulerer til både meg, SAS og Norwegian!

Norge har visst endeleg fått over fem millionar innbyggjarar no. Kanskje. Ingen har visst hundre prosent kontroll. Eg er i alle fall berre meg. Men det er i grunn veldig greitt. Eg har det bra - sjølv om eg er 31 år :)

27 februar 2012

Byen er Bergen :)

Eg fann plutseleg ut at det var på tide med ein helgetur til vestlandshovudstaden Bjørgvin. Sjølv om regnet (merkeleg nok) hølja ned både då eg kom og reiste, var både vêret og stemninga supert resten av tida!

På programmet var mellom anna knallhard actionfilm med Pierce Brosnan, søndagsmøte i Salem, cruising med lokale rånarar og politisk drama på KP 1.

Tusen takk til fantastiske Ragnhild for guiding og godt selskap :)

Og til alle wannabe-bergensarar som følte seg snytt i helga - I'll be back!

02 februar 2012

Supertorsdag

Mamma reiser straks på pensjonisttur til Syden, men før turen ville ho og pappa gjerne invitere dei kjekke sønene sine på middag. Dermed vart det potetball på kafé!

Fire bilar i parkerkingskjellaren rett frå kvar sin jobb, nydeleg mat og god stemning. Kan det verte stort betre ein heilt vanleg torsdag i februar? :)

03 januar 2012

Godt nyttår!

Så var det visst plutseleg 2012, tida går berre raskare og raskare...

2011 var eit aktivt og variert år for min del. Mykje jobb (Sunnmørsposten, Øy-Blikk, ANB, Giske kommune og diverse frilansing), i alle fall. Så var eg på roadtrip til Skjærgårds, Lyngdal, Danmark og Sverige og var ei veke på UL.

Spesielt hausten var ganske heftig med flytting til Valderøya, blindtarmoperasjon og ei heilt ny oppleving som musikkstudent i Volda. Eg hoppa av studentlivet i november, men rakk i alle fall å verte kjend med mange hyggelige folk før eg slutta :)

Og kva skjer så i 2012? Eg har ikkje nokon fast jobb og satsar i første omgang på ei karriere som frilansar/lausarbeidar. Så skal eg kanskje stå pittelitt på ski, spele mest muleg fotball i Godøyhallen, få 600 poeng i Wordfeud, spele inn CD med Godøy Ungdomskor og jobbe ei veke i Lyngdal i sommar. Og muligens teste ut den nye boka eg fekk i julegåve...

GØTT ÅR!

17 desember 2011

God jul, lizm



På tide med ein julevideo igjen. Eg kom over denne presten, med ein ganske heftig versjon av juleevangeliet i Lukas. Kanskje noko å vurdere rundt middagsbordet julaftan?

04 november 2011

Eg har fått grastak!

Oisann...plutseleg var det november! Kanskje på tide å oppdatere litt blogg igjen, i tilfelle nokon skulle stikke innom for å sjå kva eg gjer på?

Sidan sist har eg mellom anna flytta til Valderøya. Annekset. Kanskje det koslegaste huset (eller hytta om du vil) i Giske kommune?

Grastak, tømmerveggar, flott utsikt, kort veg til sjøen og akkurat passe stor plass til meg og tinga mine :)

Oppe på hemsen har eg endeleg fått rigga opp studioutstyret mitt igjen. Eller i alle fall litt av det. Den søte Axiom-synthen, SLX-monitorane, Yamaha-miksaren, macen og litt for mykje kablar.

Perfekt rom for frilansing, leksearbeid, eksperimentering, øving, musikklytting og Facebook!

Nede på stua har eg piano, tv og sånn cirka 27 fiskar. Eg skal ha litt fleire kardinaltetra etter kvart, må berre sjå om dei 13 eg har no klarer å overleve først.

Elles så har eg fjerna blindtarmen, hatt praksis i ei sjuandeklasse, spelt på Pit-Stop og laga verdas beste ostesmørbrød. Dett var dett!

05 september 2011

Naboen



Arne Tunheim - no også som YouTube-kjendis!

13 august 2011

Back to school

Plutseleg er sommaren over, er det muleg? Ein stort sett flott 2011-sommar, med Skjærgårds, Lyngdal, Tivoli, Liseberg og UL. Dessvere altfor lite grilling og endå mindre trimming, så det må bli to av måla for sommaren 2012.

No er det haust. Hausten 2011. Hausten då Nils-Ove Støbakk skal tilbake på skulebenken, etter seks år som arbeidstakar på heiltid. Tysdag 16. august skal eg for første gong til Volda, dit eg skal pendle to-tre dagar i veka framover. Musikkstudent på deltid, kan det gå bra? Stå opp tidleg og pendle. Galskap. Men forhåpentlegvis kjekk og lærerik galskap.

Og så skal eg flytte. Frå Godøya. Til Valderøya. Frå Leif og Solveig sin kjellar til Gunnar og Solveig sitt anneks. Tømmerveggar, grastak og god stemning.

Meir informasjon kjem i første halvdel av september!